Veke 38: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 17.09.2019 – 24.09.2019

21:47 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå bustad i Ørsta sentrum. Framme på staden kom det fram at det dreia seg om røyk frå ein mikrobølgeomn. Framme på staden lufta brannmannskapet ut og kontrollerte med varmekamera. Ambulanse var til stades for å ivareta bebuaranne.

18:00 – 20:00 Onsdag øvde Ørsta brann og redning på brann i bilverksted. Innsatsen ble kjørt i to omganger. Melding om eksplosjon og stor røykutvikling i verkstad delen til Bilvarehuset. To saka, ein fastklemt under ein bil. Røykdykkar gjennomførte søk og fekk ut dei sakna. Godt gjennomført øving av alle involverte.

13:56 Torsdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Volda og Ørsta reinhaldsverk. Det kom fram at det gjaldt ein behaldar merka med eksplosjonsfarleg som hadde kome saman med grovavfallet og teke fyr i eine hallen. Dei tilsette reagerte raskt og fekk sløkt brannen sjølve. NB! Slike varer skal ikkje i grovavfallet! Dei som sel det pliktar å ta imot tilsvarande produkt når dei skal kasserast.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på brann i gardsbruk og bruk av stige. Ørsta er ei relativt stor landbrukskommune, der 16% av innbyggjarar bur på landbrukseigedom og 150 av desse har dyrehald. Landbruksbygningar er høgde, torre og inneheld gjerne ein del brannenergi. Brann i landbruksbygningar utviklar ofte seg svært raskt og kan verte svært komplekse. Det er derfor viktig at vi med gjevne mellomrom øver på faremoment knytt til slike brannar.

11:00 – 14:00 Laurdag var det open dag på brannstasjonen. Det på denne dagen muligheit for alle til å lære meir om branntryggleik og brannvesenet sitt arbeid. Det var muligheit for spyling med brannslange, rebusløp, sitje i brannbil, få brannsløkkjar kontrollert og helse på Bjørnis. I tillegg steikte vi 95 liter med vaffelrøre. Ein kjempedag med overveldande oppmøte!

20:11 Søndag rykte Ørsta brann og redning ut til melding om bål under altan på Rjånes. Framme på staden kom det fram at det gjald bålpanne til grilling. Huseigar var tilstades og heldt auge med bålpanna.

18:00-20:00 Måndag øvde Ørsta brann og redning på kjemikaliedykking. Til hendinga var det leigd inn ein spesialbygd øvingsbil for å simulere lekkasjar av kjemikaliar. Det vart gjennomført to senario med levande markørar. Kjemikaliedykkarar aksjonerte og fekk dei forulykka ut. Det var ei vellukka øving.

Nærnett skreiv om øvinga her

Open brannstasjon