Veke 37: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 10.09.2019 – 17.09.2019

18:00-20:00 øvde brannmannskapet på Vartdal på røykdykking på Vartdal skule. Øvinga omhandla vassforsyning, sambandsbruk og søk etter sakna personar i røykfult miljø.  Brannmannskapet fekk også ei omvising på skulen, for å gjere seg kjende. God gjennomført øving.

20:27 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ivar Aasen-gata. Framme på staden var bygget gjennomgått. Ingen brann.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 2 på bruk av ulike typar vassuttak for brann. Mange forbinder sikkert dette med den raude brannhydranten som står på bakken, men det finnast fleire typar. Nokre er også plasser i kum og det finnast fleire variantar av den bakkeståande. Det er viktig at vi jamnleg går over desse, slik at vi har kontroll på korleis dei fungerar.

18:40 Søndag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ivar Aasen-gata. Framme på staden var bygget gjennomgått. Ingen brann