Veke 37: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 07.09.21 – 14.09.21

  • 18:00 – 20:00 Tysdag øvde konstablane på Sæbø brannstasjon på vassføring og røykdykking. I Ørsta har vi tre stasjonar med røykdykkerteneste. Ørsta, Vartdal og Sæbø. Desse øver gjevnleg på røykdykking. Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.
  • 21:00 Onsdag rykte ØBR ut til trafikkulukke. Framme på staden viste det seg å vere ein einsleg bil av vegen. Brannmannskapet sikra skadestaden og dirigerte trafikk.
  • 18:00 – 20:00 øvde vaktlag 3 og 4 på overflateredning i Ørstaelva. Det vart øvd på personar i elv. Ein med flytevest i overflata og ein på botnen. I ei elv er det mange ting som gjer det komplisert å drive redningsarbeid. Brannkonstablane må for å drive forsvarleg arbeid i elva vite korleis strømningane virkar og ut frå det vurdere situasjonen og tiltaka ein sett i verk. Med ein god plan og kommunikasjon mellom overflatereddarar i elva og anna mannskap på land  vart det ei god øving med nye læringspunkt.
  • 11:40 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Hovdebygda skule. Orsaken til utrykkinga var matos. Ingen brann.
  • 15:49 Fredag rykte ØBR ut til aktivert røykvarslar i privat bustad på Øvre Mo. Brannvesenet kom seg inn i bustaden og fekk kontrollert. Ingen brann.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.

8. september 18-20 øvde vaktlag 3 og 4 på overflateredning i Ørstaelva. Det vart øvd på personar i elv. Ein med flytevest i overflata og ein på botnen. I ei elv er det mange ting som gjer det komplisert å drive redningsarbeid. Brannkonstablane må for å drive forsvarleg arbeid i elva vite korleis strømningane virkar og ut frå det vurdere situasjonen og tiltaka ein sett i verk. Med ein god plan og kommunikasjon mellom overflatereddarar i elva og anna mannskap på land vart det ei god øving med nye læringspunkt.