Veke 35: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 27.08.2019 – 03.09.2019

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på bruk av ulike typar brann vassuttak. Mange forbind sikkert dette med den raude brannhydrant som står på bakken, men det finst fleire typar. Nokre er også plasser i kum og det finst fleire variantar av den bakkeståande. Det er viktig at vi gjevnleg går over desse, slik at vi har kontroll på korleis dei fungerar.

16:18 Søndag rykte Ørsta brann og redning ut til melding om brann i bygning. Framme på staden viste det seg å vere ei bålpanne ved ein husvegg.

15:32 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til akutt forureining i sjøen ut mot Lianeset.

21:18 Mandag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Vallamarka. Orsaken til alarmen var matlaging. Brannmannskapet lufta ut lokalet og tilbakestilte brannalarmanlegget.