Veke 35: Nytt frå brannvakta

 

Brann- og redningsloggen 23.08.22 – 30.08.22

  • 13:24 Onsdag ettermiddag rykte vaktlag 3 til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule. På staden kom det fram at alarmen skuldast bruk av gassbrenner på naturfagsrom som ikkje var berekna for dette. Skulen går gjennom sine rutiner for bruk av gassbrenner.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt bruk av hydrantar/kummar. Det finst mange typar hydrantar og kummar og det er ikkje kvar dag ein ser alle. Brannmannskapet er derfor av og til rundt og testar dei ulike typane som finst i Ørsta.
  • 08:22 Laurdag morgon rykte ØBR ut til bygningsbrann på Øvre Mo. På staden kom det fram at det ikkje var personar i bygget og at huset var fullstendig overtent. Brannmannskapet starta med slokkeinnsats utanfrå og innanfrå medan resten av mannskapet sørga frå vassforsyning frå nærmaste brannvassuttak.  Etter fire timar slokkeinnsats gjekk arbeidet over i etterslokking. Etterslokking består i å opne opp og komme til med slokkemiddel der brannen ulmar. 15:46 var slokkearbeidet ferdig. Ein bygningsbrann  er vanskeleg å seie at er 100% sløkt, det var derfor kjørt gjevnleg synfaring av branntomta for å kontrollere.
  • 16:50 Måndag ettermiddag rykte vaktlag 4 og stasjon Vartdal ut til akutt forureining på Festøya. Brannamannskapet rykte ut med oljelenser. På staden søkte brannmannskapet for å finne kjelda til utsleppet. Det vart søkt i strandsona og med drone i lufta. Dei mulige kjeldene var utsjekka. Mannskapet lukkast ikkje med å finne ei kjelde til forureininga. Forureininga i seg sjølv var ubetydeleg og auka ikkje. Antageleg kjem den frå eit forbipasserande fartøy.

Slokningsarbeid på Øvre Mo. Ørsta brann og redning