Veke 35: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 24.08.21 – 31.08.21

  • 16:00–17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt av vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ein tettleik og ein temperatur som gjer at den tek fyr og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • Elles stille og fredeleg.