Veke 34: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 17.08.21 – 24.08.21 21:20 Onsdag kveld rykte ØBR ut til diesellellakse på Haugegjerdet i Ørsta. Brannmannskapet kontrollerte. Miminal lekkasje. Eigar av antageleg utsleppskjelde kontakta. 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar. Fredag rykte ØBR ut til alarm som gjekk og huseigar ikkje fann ut av. Brannmannskapet bistod med kontroll og tilbakestilling. Publisert av Øyvind Rødset Sist endra 12.01.2022 15:08