Veke 32: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 32 – 06.08.2019 – 13.08.2019

22:13 Onsdag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ørsta trafikkstasjon. Alarmen skuldast steam frå vaskehall. Ingen brann.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 1 på bruk av vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil bygget fyllast med røyk. Røyken inneheld branngassar og restar etter ufullstendig forbrenning og held høg temperatur. Brannmannskapet må då ha kunnskap opp korleis desse branngassane fungerar og korleis ein på best mulig måte kan få dei ut av bygget, utan at dei sjølvantenner eller gjer meir skade. Dette er ein viktig del av brannslokkinga for å betre sikt og arbeidsforholda til røykdykkaranne inne.

17:22 Fredag rykte Ørsta brann og redning til trafikkulykke på fylkesveg 655. Trafikkulykke mellom to bilar i 60 sone. To personar involvert.

22:15 Fredag rykte Ørsta brann og redning ut til lekasje i propanflaske. Framme på staden viser seg å vere en 5l propanflaske. Flaske tatt ut og lufta ut.

13:20 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til bygningsbrann på Aklestad i Bondalen. Brannen var sløkt av huseigar. Brannvesenet kontrollerte bustaden med varmekamera og lufta ut røyken i bygget.

15:33 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ørsta legesenter. Alarmen skuldast steike-os. Ingen brann