Veke 32: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 02.08.22 – 09.08.22

  • 16:00 – 17:30 Fredag øvde vaktlag 1 på kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • 15:54 Laurdag ettermiddag rykte vaktlag 1 ut til trafikkulykke i rundkøyring i Ørsta sentrum. Ulykka var mellom motorsykklist og bil. Dei involverte vart teke hand om av helse. Brannmannskapet dirigerte trafikk og rydda vegbana.
  • 00:05 Natt til Søndag rykte vaktlag 1 ut til privat bustad etter varsel frå vaktselskap om utløyst røykvarslar utan å få kontakt med bebuarar. Brannmannskapet kontrollerte bustaden saman med vektar. Ingen brann.
  • 05:59 Måndag morgon rykte vaktlag 1 ut for å bistå Avinor med oppdrag. Oppdraget vart avlyst og dei løyste det sjølv.