Veke 32: Nytt frå brannvakta Brann og redningsloggen 03.08.21 – 10.08.21 10:36 fredag rykte ØBR ut til mistenkeleg røyk på Brautaset. Viste seg å vere eit søppelbål. Bål sløkt og bedt om å levere avfallet på VØR. 16:24 Laurdag rykte ØBR ut til branntilløp i terreng like ved veg på Urkegjerde. Brann slokt av personar på staden. Brannmannskapet på Øye utførte etterslokking og kontroll. Publisert av Øyvind Rødset Sist endra 12.01.2022 15:08