Veke 31: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 31 – 30.07.2019 – 06.08.2019

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 4 på bruk av vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil bygget fyllast med røyk. Røyken inneheld branngassar og restar etter ufullstendig forbrenning og held høg temperatur. Brannmannskapet må då ha kunnskap opp korleis desse branngassane fungerar og korleis ein på best mulig måte kan få dei ut av bygget utan at dei sjølvantenner eller gjer meir skade. Dette er ein viktig del av brannslokkinga, samt for å betre sikt og arbeidsforholda til røykdykkaranne inne.