Veke 31: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 26.07.22 – 02.08.22

  • 13:23 Tysdag rykte vaktlag 3  ut til automatisk brannalarm frå avfallsanlegg. På staden var sprinkleranlegget utløyst. Det kom fram at alarmen skuldast os frå avfallshaug. Ingen brann.
  • 09:29 Torsdag morgon rykte vaktlag 3 ut til melding om utløyst røykvarslar på Standalhytta på Standaleidet. På staden tok brannmannskapet seg inn og gjekk gjennom bygget med varmekamera. Ingen brann.
  • 16:00 – 17:30 Fredag øvde vaktlag 4 på kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.