Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Veke 3: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 16.01.24 – 23.01.24

  • 17:11 Torsdag var vaktlag 2 på Hovdevatnet å kontrollerte isen. Isen var målt til 48cm tjukkelse.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og pågåande livstrugande vald. I alle oppgåver brannvesenet utfører er samband viktig for å leie, strukturere og utføre arbeide på ein god måte. I denne øvinga vart det også tatt ein gjennomgang av felles nasjonal prosedyre for handtering av PLIVO hendingar og sikker søksmetode.
  • Natt til laurdag bistod brannvesenet heimebasert omsorg med person som hadde dotte og trengde hjelp. Dette er noko brann- og redningsvesenet rykker ut til med jamne mellomrom, særskildt på bygdene der brannstasjonen er nærmaste ressurs.