Veke 3: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 17.01.23 – 24.01.23

  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 2 og 3 på røykdykking. I Ørsta har vi tre stasjonar med røykdykkerteneste. Ørsta, Vartdal og Sæbø. Desse øver gjevnleg på røykdykking. Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.
  • 13:01 Torsdag ettermiddag rykte vaktlag 3 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule. Alarmen skuldast utløyst røykvarslar på toalett. Brannvesenet bistod med kontroll og tilbakestilling.
  • 13:54 Torsdag ettermiddag rykte brannkonstablane ved Sæbø brannstasjon ut til automatsk brannalarm frå Sæbø skule. Det kom fram at alarmen skuldast manuell meldar var trykt inn. Mulig samanheng mellom alle skule alarmane og nett trend om å løyse ut brannalarm.
  • 12:28 Fredag ettermiddag rykte brannkonstablane på Øye ut til fallulukke. Brannkonstablane tok i vare personen til helsepersonell kom fekk den forulukka til sjukehus.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg.