Veke 23: Nytt frå brannvakta

 

Brann- og redningsloggen 31.05.22 – 07.06.22

  • 14:00–16:00 Tysdag øvde brannmannskapet på Øye på vassforsyning med pumpe og slokketaknikk. Ei av dei viktigaste oppgåvene til brannkonstablane ved Øye branndepot er ettablering av vassforsyning og utvendig slokking. Ei viktig side av dette er slokketeknikk. Med rett slokketeknikk skal mest mogleg av vatnet gå inn til brannen og minst mogleg til vasskader på gjennståande bygningsdelar.
  • 18:41 Onsdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå institusjon i Ørsta sentrum. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast svidd mat. Brannmannskapet bistod med utlufting og tilbakestilling av alarmen.
  • 16:00–17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av overflateredningsutstyret. Overflateredning er redning i vatn utan dykking. Brannvesenet har her mykje utstyr for å komme seg trygt ut, sikre og redde personar og dyr som har falt i vatnet. Enten det er i ei elv, i sjøen eller gjennom isen.

Bilde frå øvinga på Øye. Odd Jarle Engeset