Veke 22: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 25.05.21 – 01.06.21

18:00 – 20:00 Torsdag Øvde brannkonstablane på Sæbø på vassføring og røykdykking. I deira område er det få stadar med brannvatn og ein må ta høgde for å pumpe vatn frå opne kjelder som elver og sjø. Brannkonstablane må då ha god kunnskap om trykktap og seriekøyring av vasspumper. Samtidig er dei første innsatsen for livreddande søk i brannen. Søk i tett røyk utfordrande og krev nok øving for å kunne gjennomførast på ein effektiv og forsvarleg måte.

16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på slangeutlegg og søksteknikk. Ved søk i røykfylt miljø har teknikk mykje å seie for å gjere eit raskt og effektivt søk, samtidig som ein er sikker på å ha søkt heile arealet. For å gjere det følgjer ein veggen og søkjer innover i rommet med føter og hender. I ein reel situasjon brukar ein også varmsøkjande kamera som gjer det mogleg å sjø gjennom røyken. Under tørrtrening brukar vi ikkje dette.

13:35 Måndag rykte ØBR ut til trafikkulukke ved Skarbøen. Ein personbil hadde køyrd av vegen og hamna på taket. Framme på staden kom det fram føraren av bilen hadde komt seg ut og bilen låg på taket ute av vegbana. Brannvesenet sikra skadestaden, tok hand om den forulukka og sikra køyretøyet mot brann.

15:18 Måndag rykte ØBR ut til til trafikkulukke mellom to motorsyklar og ein personbil. Brannvesenet sikra skadestaden og tok hand om dei forulukka. Helse kom raskt på staden og tok hand om dei involverte. Brannvesenet fikk rydda vegbana.