Veke 21: Nytt frå brannvakta Brann- og redningsloggen 17.05.22 – 24.05.22 Denne veka har ØBR hatt brannvernopplæring med 6.klassene på Vikemarka, Sæbø, Vartdal og Velle skule. Der fekk alle elevane informasjon om brannvern, korleis kontrollere slokkeapparat og prøve å slokke reel brann. 14:00 Fredag rykte ØBR si dronegruppe ut til terrengbrann i Ulsteinvik. På staden sendte ein drone opp i lufta og fekk raskt oversikt over situasjonen. I starten var det ein del røyk, som gjorde at ein kun såg med det termiske kameraet. Bilda frå drona vart streama i sann tid til 110-sentralen og til ein app som alle brannvesena har tilgang til. Drona var i lufta og bistod med oversikt og kontroll fram til rundt kl. 17, når skogbrannhellikopteret kom. 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann. Bilder av brannen med vanlig kamera og termisk kamera. Ørsta brann og redning Bilder av brannen med vanlig kamera og termisk kamera. Ørsta brann og redning Publisert av Ingvild Marie Taraldset Sist endra 06.01.2023 08:44