Veke 2: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 19.01.2021 – 26.01.2021

12:39 Onsdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Volda Ørsta Reinhaldsverk. Røyk frå arbeidsmaskin orsak til alarm. Ingen brann.

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg. Vaktlaget var og ut å testa isen på Hovdevatnet.

11:11 Laurdag rykte ØBR stasjon Ørsta og Sæbø ut til mistanke om sotbrann på Sæbø. Framme på staden gjekk mannskapet over skorsteinen med varmekamera. Ingen teikn til brann. Driftsoperatør skorstein har i ettertid kontrollert og ikkje funne noko teikn til sotbrann.