Veke 19: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 19– 07.05.2019 – 14.05.2019

 

11:14 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke mellom Barstadvika og Festøya. Ein bil på taket. Ambulanse tok med seg førar for sjekk. Brann fekk bilen ut av vegbana og rydda på staden. Bilbergar frå Ørsta henta bilen.

22:50 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm i Ivar Aasen-gata. Damp frå dusj i treningssenter årsak til alarmen, Ingen brann.

16:00-18:00 Fredag ettermiddag øvde Ørsta brann og redning vaktlag 3 på røykdykking. Røykdykking er ei av dei farlegaste oppgåvene vi har, det er derfor svært viktig at vi øver på dette.

18:00 – 21:00 Onsdag kveld øvde Ørsta brann og redning, vaktlag 3 og 4, på overflateredning i elv. Senarioet var redning av person som hadde sat foten fast i elva. Vel utført øving med mange gode læringsmoment.