Veke 18: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 26.04.22 – 03.05.22

  • 14:00–16:00 Tysdag øvde brannkonstablane på Øye depot på samband og kommunikasjon. For alle naudetatar og personar som kjem opp i uønska hendingar er informasjonen som går ut særs viktig for at rett ressursar vert kalla ut. Særskildt på stadar som Norangsfjorden, der det kan ta tid før ressursane kjem. Brannkonstablane fekk under øvinga bryne seg på nokre senareo der dei skulle ut frå ein situasjon gi ei statusmelding over samband på situasjonen og evt. behov.
  • 14:00–15:00 Onsdag hadde brannvesenet slokkeøving med elevane på byggfag ved Ørsta vidaregåande skule. Alle deltakarane fekk slokke brann med skum og brannteppe. Godt gjennomført av alle saman.
  • 18:00–20:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 4 på tauredning/sikring/rappelering. Brannkonstablane skulle ta seg ned ei vertikal skråning til ein person og frakte denne personen opp på ein trygg måte.
  • 11:00–12:00 Torsdag hadde brannvesenet brannopplæring og slokkeøving for helsepersonell i Ørsta kommune. Deltakarane fekk først litt undervisning før dei fekk prøve å slokke brann med skum og brannteppe. Til slutt fekk dei teste korleis det er å orientere seg i tett røyk i ei bygg. Godt gjennomført av alle saman.
  • 12:06 Torsdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Ørstaheimen. På staden kom det fram at alarmen skuldast røyk frå svidd mat. Brannmannskapet bistod med kontroll og tilbakestilling
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking. Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann.
  • 18:24 Måndag kveld rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå verksemd i Ørsta. På staden søkjer røykdykkarar igjennom området alarmen er utløyst med varmekamera. Vassdamp orsak til alarm. Ingen brann. Brannmannskapet tilbakestilte alarmen og returnerte

Tauøving onsdag 27. april.Tauøving onsdag 27. april.