Veke 16: Nytt frå brannvakta


Brann og redningsloggen 12.04.22 – 19.04.22

  • 11:59 Torsdag rykte ØBR ut til sotbrann i Ørsta sentrum. Brannmannskapet kom seg på taket og fekk sløkt pipebrannen. Brannmannskapet tok ut sot og kontrollerte skorsteinen for temperatur. Huseigar fekk rutinemessig fyringsforbod fram til feiar fekk kontrollert røykløpet.
  • 12:23 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå større bygg på Sæbø. På staden kjem det fram at matlaging er orsak til alarmen. Ingen brann. Brannmannskapet bistod med utlufting og tilbakestilling.
  • 16:00–17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelege faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.
  • 11:29 Søndag rykte ØBR ut til person i sjøen i Ørsta sentrum. Brannmannskapet fekk henta personen opp og personen vart tatt hand om av ambulansepersonell. Brannmannskapet løfta samtidig opp ei betong sikring mot sjøen som hadde hamna nede i trappa som går ned i sjøen.