Veke 14: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 14 – 02.04.2019 – 09.04.2019 


17:53 Onsdag kveld øvde Ørsta brann og redning på røykdykking på Velle skule. Hendinga var seks elevar og ein vaksen sakna i kjellaren på gamle delen.  Alle dei sakna var funne og brannen( røykmaskina) vart sløkt.

14:10 Fredag ettermiddag rykte Ørsta brann og redning ut til brann i bil på bilopphøggeri. Brannen vart sløkt og overflater nedkjølt. Bilen var tømt for drivstoff, slik at detter bidrog ikkje til brannen.
 

16:00 – 18:00 Fredag ettermiddag øvde Ørsta brann og redning lag 3 på overflateredning. Ved personar i elv, sjø eller vatn rykker brannvesenet ut for å få dei forulukka opp av vatnet. I ei elv med sterk strøm er dette ei utfordring som krev regelmessig trening.