Veke 11: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 03.03.2020 – 10.03.2020

19:57 Torsdag rykte brannvesenet ut til pipebrann i bustad i gamlevegen. Brannmannskapet fikk opna opp pipa og tatt ut soten som var orsaken til brannen. Etterpå var pipa kontrollert med varmekamera. Pipebrannar oppstår fordi materiale frå ufullstendig forbrenning har festa seg til innsida av pipa. Når temperaturen i skorsteinen er høg nok startar dette og brenne.

16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av rutinar og utstyr for farlige stoffer. Det er nokre bedrifter i vårt område som brukar og omsett ein del farlige stoffer, og med E39 gjennom kommunen vert det også frakta ein del av desse stoffa gjennom kommunen.  For å vere klare om det skulle oppstå hendingar knytt til dette må brannmannskapa ha ein del kunnskap om korleis ein identifiserar og forheld seg til dei ulike stoffa.

14:15 Laurdag rykte brannvesenet ut til trafikkulukke på Liadal. Brannmannskapet bistod politiet med handtering.