Veke 10: Nytt frå brannvakta


Brann og redningslogg – 25.02.2020 – 03.03.202


16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av rutinar og utstyr for farlige stoffer. Det er nokre bedrifter i vårt område som brukar og omsett ein del farlige stoffer, og med E39 gjennom kommunen vert det også frakta ein del av desse stoffa gjennom kommunen.  For å vere klare om det skulle oppstå hendingar knytt til dette må brannmannskapa ha ein del kunnskap om korleis ein identifiserar og forheld seg til dei ulike stoffa.

12:33 Søndag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm i Ørsta sentrum. Framme på staden viste alarmen å skuldast matlaging. Brannmannskapet lufta ut og tilbakestilte alarmen.

22:21 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til melding om røyk. Framme på staden viste det seg å vere eit bål.