Veke 10: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 10 – 05.03.2019 – 12.03.2019

16:00 – 18:00 Fredag ettermiddag øvde Ørsta brann og redning på farlig gods. Ved trafikkulykker med farlige stoffer, eller lekkasjar i farlig stoff i fabrikk rykker brannvesenet ut med kjemikaliedykkarar for å tette og begrense utsleppet. Det er derfor viktig for oss å øve på dette.

 08:19 Onsdag morgon rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke på Flåskjer. To bilar involverte. Framme på staden kom det fram at alle hadde komet seg ut av bilane og vart ivaretatt av brannvesenet til Ambulanse ankom. Brannvesenet sikra skadestad og fekk rydda bilane av vegen. Midt i aksjonen skjedde det ei ny trafikkulukke der ein bil havna i fjellveggen eit stykke lengre mot Vartdal. Svært glatt på staden.

18:00 Onsdag kveld hadde Ørsta brann og redning (vaktlag 1 og 2) brannøving på Møre folkehøgskule saman med elevar og dei tilsette. Øvinga gjekk på evakuering av personar og søke etter sakna i røykfult miljø.

13:48 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke ved Flåskjer. Ein bil utanfor vegen, ingen alvorleg skadde. Brannmannskape sikra skadestad og starta med opprydding og fekk rekvirert bergingsbil