Veke 10: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 07.03.23 – 14.03.23

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farleg gods. Ved hendingar med farlege stoff er det brann og redningsvesenet som rykker ut for å ta hand om det. På Sunnmøre har vi eit samarbeid med alle brannvesena. På Søre Sunnmøre er det Ørsta og Herøy som har utstyr og kjemikaliedykkarar. Vi rykker då ut til nabo kommunane ved behov. I den samanheng har Ørsta ein del verneutstyr og utstyr for å tette lekkasjar alt etter type stoff og eigenskapar. Gass, Væske, fast stoff, giftig, etsande, oksiderande, brannfarleg, radioaktivt med meir.