Veke 1: Nytt frå brannvakta

Brann- og redningsloggen 02.01.24 – 09.01.24

  • 15:46 Onsdag rykte vaktlag 4 ut til automatisk brannalarm frå institusjon i Ørsta. Etter kort tid kom det fram at alarmen skuldast svidd mat. Brannvesenet bistod med tilbakestilling av alarm.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og pågåande livstrugande vald. I alle oppgåver brannvesenet utfører er samband viktig for å leie, strukturere og utføre arbeide på ein god måte. I denne øvinga vart det også tatt ein gjennomgang av prosedyre for handtering
  • 02:30 natt til Laurdag tykre innsatsleiarvakta ut til aktivert røykvarslar i bygg i Ørsta sentrum. Brann kontrollerte utan å finne orsak til alarm.
  • 14:24 Måndag rykte vaktlag 1 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta legesenter. Raskt avklart at det er matlaging som er orsak til alarm. Brannpersonellet bistod med tilbakestilling av alarmen.