Veke 1: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 27.12.22 – 03.01.23

  • 16:47 Laurdag ettermiddag rykte vaktlag 4 ut til trafikkulukke i Åmdalen. Einsleg bil på taket i grøfta. Brannkonstablane sikra skadestaden, sjekka for lekkasje og rekvirerte bilbergar.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av stigebilen. Kvar enkelt kjørte korga på stigen ut til gitte punkt ein skulle nå og måtte bruke dei ulike funksjonane til stigen for å komme til.
  • 17:00 Onsdag ettermiddag var brannbefal og kontrollerte for lekkasje av gass frå kjøleanlegg ved butikk i Ørsta sentrum. Kundar hadde kjendt lukt rundt ein frysar og meldt frå. Brannbefal gjekk over med irkamera og gassmålar utan å få utslag. Butikktilsette fekk beskjed om å kontakte serviceteknikkar for kontroll då det tydeleg var noko lukt i området.