Veke 52: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 20.12.22 – 27.12.22

  • 17:37 Tysdag ettermiddag rykte vaktlag 3 ut til sunken båt i småbåthamna i Ørsta. For å unngå at evt. lekkasje frå båten skulle forureine i hamna la brannmannskapet absorberande lenser rundt heile båten. Båten vart heva dagen etter.
  • 21:33 Tysdag kveld rykte vaktlag 3 ut på restverdiredningsoppdrag i privat bustad. Rør hadde fryst og sprukket. Lekkasje var oppdaga av nabo, bebuar var ikkje heime. Brannmannskapet måtte bryte opp døra for å komme seg inn. Hovudvasskrana var tatt og det var gjort rivingsarbeid for å unngå ytterlegare skader frå vatnet som låg i konstruksjonen.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av stigebilen. Kvar enkelt kjørte korga på stigen ut til gitte punkt ein skulle nå og måtte bruke dei ulike funksjonane til stigen for å komme til.
Bildet viser ein båt under vatn. - Klikk for stort bileteSunken båt i småbåthavna. Brann og redning Bildet viser eit himling som re riven opp, og du ser inn på isolasjonen. - Klikk for stort bileteLekkasje etter at vassrør har sprekt. Brann og redning