Veke 51: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 13.12.22 – 20.12.22

  • 08:12 Tysdag morgon rykte vaktlag 2 ut til automatisk brannalarm frå kjøpesenter i Ørsta sentrum. På staden tok brannvesenet seg til branntavla og fann utløyst meldar. Etter litt tid kom det fram at alarmen skuldast utløyst manuell meldar ved uhell. Ingen brann.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av stigebilen. Kvar enkelt kjørte korga på stigen ut til gitte punkt ein skulle nå og måtte bruke dei ulike funksjonane til stigen for å komme til.
  • 12:22 Laurdag rykte vaktlag 3 ut til trafikkulukke på Høgebrua. På staden sikra skadestad og sikra mot brann. Dei forulukka vart teke hand om av helse.
  • 20:02 Laurdag kveld rykte vaktlag 3 ut til brann i bygning. På veg ut kom det fram at det gjaldt brann i køyretøy på utsida av garasje. Første bil på staden skumla garasjen og søppeldunka for å hindre spredning. Når vaktlaget med mannskapsbilen kom på staden starta dei slokking av bilen og fekk etter kort tid kontroll på flammene. Bilen var heilt utbrent. Bileigar hadde forsøkt å slokke brannen med brannslokker og å spade snøv på køyretøyet, og hadde somfølgje av det pusta inn litt røyk og vart kontrollert av helsepersonell.  Lukka er at dette var oppdaga så tidleg som det var. Hadde det gått litt tid til ville spredning til garasjen vore eit faktum.
Bildet viser ein personbil som står i fyr og flammer.  - Klikk for stort bileteBrann i bil laurdagskveld. Brann og redning