Veke 49: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 29.11.22 – 06.12.22

  • 10:00 – 14:00 Torsdag hadde førebyggande avdeling stand på Alti i forbindelse med røykvarslerdagen 1. desember. På standen var det informert om brannsikkerheit og konkuranse der ein kunne vinne eit sett seriekobla røykvarslarar.
  • 07:06 Fredag morgon rykte vaktlag 4 ut til trafikkulukke mellom to bilar i flyplasskrysset i Hovdebygda. På staden starta brannkonstablane trafikkdirigering og gjorde kjøretøya straumlause og sikra mot brann. Ambulansen tok hand om dei forulukka og frakta dei til sjukehus. Medan politiet gjorde rutinemessig etterforsking sperra naudetatane området og kjørte trafikken på eit felt.
  • 10:43 Fredag førmiddag rykte vaktlag 1 ut til brann i bustadhus i Ørsta sentrum. Huseigar hadde forsøkt å sløkke, men ikkje greid det. Røykdykkarar var sendt inn og sløkte brannen. Røykdykkarane kontrollerte for temperatur og ventilerte røyk. Tre persona hadde pusta inn røyk og vart tatt med til kontroll. Restverdiredningsressurs var bestilt for å sikre minst mogleg skade.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt hadde oppfrisking av sotbrannteori og gjennomgang av sotbrannutstyret.
  • 13:28 Laurdag ettermiddag rykte vaktlag 1 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta kulturhus. På staden kom det fram at alarmen skuldast bruk av senerøyk. Utøylst detektor var meint å tole senerøyk men utløyste likevel. Teknisk feil orsak til alarm. Ingen brann.
Bildet viser ein brannmann på eit tak, ved ei pipe. - Klikk for stort bileteBilde frå øving på sotbrann. Ørsta brann og redning Bildet viser brann og redning som har stand på alti. - Klikk for stort bileteStand på Alti på brannvarslerdagen 1. desember. Ørsta brann og redning