Veke 48: Nytt frå brannvakta Brann- og redningsloggen 22.11.22 – 29.11.22 13:54 Tysdag bistod ØBR dronegruppe teknisk vakt med utsjekking av drivande gjenstand på Ørstafjorden. Frå land såg det ut til å vere ein kabel eller rør. Etter nærare inspeksjon viste det seg å vere store flak med samanfrosne blad som mest truleg kjem frå Ørstaelva. Det var vurdert som uproblematisk. 13:37 Torsdag rykte vaktlag 3 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule. På staden kom det fram at alarmen skuldast støv frå arbeid på eit teknisk rom i bygget. Ingen brann. 16:00–17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt hadde oppfrisking av sotbrannteori og gjennomgang av sotbrannutstyret. 14:41 Laurdag ettermiddag rykte brannkonstablane ved Vartdal brannstasjon ut til trafikkulukke med tre bilar på Masdal. Brannkonstablane sikra skadestaden og dirigerte trafikk. Skilt i forbindelse med vegarbeid hadde blåst ned. Brannvesenet meldte dette vidare til VTS. Drivande gjenstand på Ørstafjorden var store flak av samanfrosne blad. Ørsta brann og redning Publisert av Ingvild Marie Taraldset Publisert 01.12.2022 09:07