Veke 47: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 15.11.22 – 22.11.22

  • 12:01 Tysdag ettermiddag rykte vaktlag 2 ut til automatisk brannalarm frå skule i Ørsta. På staden kjem det fram at alarmen skuldast matlaging. Ingen brann.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt hadde oppfrisking av sotbrannteori og gjennomgang av sotbrannutstyret.
  • 22:05 Fredag kveld rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå institusjon i Ørsta sentrum. På staden kjem det fram at alarmen skuldast røyk frå brente baguettar gløymd i komfyren. Rommet var lufta ut av personar på staden. Brannvesenet bistod med tilbakestilling.
  • 08:21 Måndag rykte vaktlag 3 saman med Volda brann og redning ut til brann i buss på Sørheim.
  • 21:35 Måndag rykte vaktlag 3 saman med Volda brann og redning ut til sotbrann på Ytrestøylen. På staden gjekk brannvesenet gjennom bygget og kontrollerte temperatur. Røykdykkarar vart sendt på tak for å opne opp røykkanalen og fjerne den brennande soten. Brannen var slokt og sot var tatt ut. Brannvesenet avslutta og huseigar fekk fyringsforbod til brannforebygger har kontrollert fyringsanlegget. Ørsta vert her kalla ut i Volda kommune som følgje av at Ørsta brannstasjon ligg nærare
Bildet viser ei pipe med flammar og ein brannmann på taket. - Klikk for stort bileteBilde frå pipebrann. Ørsta brann og redning

​​​​​​​