Veke 46: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 08.11.22 – 15.11.22

  • 10:26 Onsdag førmiddag rykte vaktlag 1 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule.  På staden var det ein sprinkleralarm. Brannmannskapet gjekk gjennom bygget for å finne orsak til alarm. Konkludert med at alarmen skulda teknisk feil. Ingen brann.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 4 på trafikkulukke. Her måtte brannmannskapet frigjer person fastklemd under bil og frigjer person fastklemd inne i bil med bruk av hydraulisk klippeutstyr. Det var fokus på ivaretaking av pasient gjennom heile redningsaksjonen.
  • 18:56 Onsdag kveld rykte vaktlag 1 ut til røyk og flammar frå bustadfelt i Ørsta. Brannmannskapet lokaliserte det til eit bål ved eit bygg. Bålet innehaldt rivingsavfall og vart derfor sløkt og bedt om å levere avfallet til godkjent mottak.
  • 00:29 Fredag rykte brannbefalsvakta ut til vatn i kjellar. På staden vart det konkludert med at det ikkje var aksjonerbart.
  • Fredag kveld deltok Bjørnis på lysfest i gågata i Ørsta.  Bjørnis var svært fornøgd med oppmøte. Takk for invitasjonen!
Bildet viser brannbamsen Bjørnis som helser på born og vaksne på lysfesten i Ørsta. - Klikk for stort bilete Ørsta brann og redning