Veke 43: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 18.10.22 – 25.10.22

  • 19:49 Laurdag kveld rykte vaktlag 4 og brannmannskapet på Vartdal ut til trafikkulukke på Vartdalsstranda. Brannmannskapet sikra skadestad, sikra bilane mot brann og rydda vegbana.
  • 08:00–10:00 Måndag førmiddag testa brannmannskapet ut nytt røykdykkarsamband. For ein røykdykkar er det viktig med godt samband for å få og kunne gi kritisk informasjon inn/ut av bygget. Dette spesielt sidan ein ikkje har synet og alle operasjonar tek dermed lengre tid. Inne i dette er det viktig med god støyreduserande tiltak samtidig som ein har omgjevnadlys for å kunne fange opp kva som skjer rundt seg. Brannmannskapet har med bakgrunn i dette testa ut ulike løysingar den siste tida.