Fellingsresultat for hjortejakta 2017
Fellingsresultatet for hjortejakta i 2017 er klart. Det har vorte felt 997 hjort i kommunen, noko som er ny rekord. I 2016 vart det felt 835 hjort. Førre rekord er frå 2009, då det vart felt 941 hjort, og i 2010 vart det felt 919 hjort.
Resultat frå dei ulike områda finn du i biletet under. Vald som står oppført med tildeling av frie dyr, har fleirårig bestandsplan slik at dei kan overføre fellingsløyve mellom dei enkelte åra som bestandsplanen gjeld.
Publisert 19.01.2018 13:59