Feiring av lesegleda på Sommarlesfest

Glade deltakarar på årets Sommarlesfest.

 

Laurdag 9.september vart det heldt avslutningsfest for årets Sommarles ved Ørsta kulturhus. Sommarles er ein lesekampanje for born i grunnskulen (1. -7.klasse). Heile 131 born i Ørsta har vore med på årets lesekampanje, og desse har til saman lest 1901 bøker. 

Sommarles starta i Vestfold, men frå 2015 har det vore ei felles digital lesekampanje for 300 kommuner i landet. Målet er å lese så mykje som mogleg i løpet av kampanjeperioden 1.juni - 31. August. Deltakarane kan vinne både digitale trofé og små premier som kan hentast på biblioteket. Biblioteka i Møre og Romsdal, inkludert Ørsta folkebibliotek har vore med på den digitale lesekampanjen sidan 2016 og kjem til å fortsette med dette. 

Feiring på Ørsta kulturhus

Storlesarane. F.v: Gaupe Hjelmeland, Alette Myrhol, Ragna Hofset Kile og Vegard Høydal Skagen.

Årets Sommarlesfest i Ørsta var ein kjempesuksess, med både programinnslag og premiar. Mari Moen Holsve, forfattaren bak årets sommarlesfortelljng, fortalde om sitt arbeid som fantasy-forfattar og engasjerte barna i samtalen om sommarlesforteljinga. 

Borna som hadde lest over 5000-sider fekk kvar sin storlesar-premie. Storlesarane som hadde møtt opp var Gaupe Hjelmeland, Alette Myrhol, Ragna Hofset Kile og Vegard Høydal Skagen. Artemis Moustaka Darokaki og Marius Dagfinrud Moe kunne ikkje komme til festen, men kunne hente premien sin på biblioteket i etterkant. 

Lykkelige premievinnarar

 

Etter at storlesarane vart heidra var det trekking og utdeling av premiar til dei andre deltakarane som var med på festen. Hovudpremien var 5 gavekort til Ørsta kulturhus og kino. Andre premiar var 2 x 2 teaterbillettar til forestillinga "Den Lille Havfruen" som vert satt opp på kulturhuset den 28. september,  og bokpremiar.

Til slutt kunne alle barna få en liten ekstrapremie - en spinner med biblioteklogo på, og kva er vel ei feiring utan å ete is og drikke litt brus?

Hvorfor er Sommarles viktig?

Sommarleskampanjen er viktig for å skape litt ekstra motivasjon for lesing om sommaren. Det at borna i tillegg kan følgje med på ei spennande fortelling som vert lagt ut kapittelvis på nett, i tillegg til å løyse oppgåver og skaffe seg poeng, gir eit enda større engasjement. 

I Ørsta kommune var det 131 barn med på Sommarles 2017, og dei las til saman 1901 bøker. I heile Noreg var det 58 963 born som deltok, og dei las til saman 686 492 bøker. Den boka som vart lest mest i sommar var "Gutta i trehuset med 13 etasjer”, denne vart lest av 4674 born over heile Noreg.

 

Fleire bilete frå arrangementet kan du finne på vår Instagram: orsta_kommune. 

Følg oss