Torgplassar

Ørsta kommune har eigen torgplass. Desse ligg i Webjørn Svendsen gate ned mot sjøen. Dette er Ørsta Torg og Havtor Hovdens plass. Det er berre Ørsta torg som har straumuttak. Leige av torgplass er gratis. Kostnader med straum, vatn og renovasjon må brukarane stå for sjøl. Vend deg til servicekontoret på Ørsta rådhus for nøkkel til straumuttak.

 

Leige av plass er gratis. Ørsta kommune føreset at dei som driv verksemder som treng offentleg løyve, har dette i orden. Vi ber om at alle som vil leige melde frå minst 2 dagar på førhand. Det kan vera fleire som ynskjer plass same dagen.Vi gjer merksam på at Ørsta Torg er mest nytta til parkering. Leigetakar bør difor møte opp tidleg den dagen han skal nytte plassen. Kommuna tek ikkje ansvar for å fjerne bilar som er parkerte på å torgplassen.

Fant du det du lette etter?