Idrettsanlegg/hallar

Ulike lag og organisasjonar nyttar Ørstahallen (ved Ørsta ungdomsskule) og gymsalen ved Vikemarka skule.
Hallstyret fordeler treningstider i desse idrettshallane for kvart skuleår etter innkomne søknadar.
I helgane vert Ørstahallen stort sett nytta til handballkampar, og det er difor kun unntaksvis at det går an å få halltid då.
Lysing om treningstid vert annonsert i Møre-Nytt, med søknadsfrist ca 1.mai.
Grunna mange søkjarar, og begrensa halltid, har Hallstyret valt å prioritere innandørsidrettar ved fordeling.

Bruk av gymsalar ved øvrige skular i kommunen skal takast opp direkte med rektor på gjeldande skule.

Det er planar om å bygge ny fleirbrukshall

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 17.02.2015
Fann du det du lette etter?