Ferdigattest

Ferdigattest er eit dokument frå bygningsmynde om at eit byggjearbeid er ferdig og og utført i samsvar med gjeldande vedtak og regelverk.Ferdigattesten avsluttar byggjeperioda, og vert utstedt på bakgrunn av dokumentasjon levert av ansvarleg søkjar/tiltakshavar.

Skjema ferdigattest

Ferdigattest er ikkje ei bekrefting på den tekniske kvaliteten, men ei stadfesting på myndigheita si avslutning av saka.

Søknad om ferdigattest skal vera underteikna både av byggherre og ansvarleg søkjar. Det er kommunen som gir ferdigattest eller mellombels brukstillatelse.

Reglane om ferdigattest finn du i Lovdata :  Lov om planlegging og byggesaksbehandling § 21-10 og byggesaksforskriften (SAK) kapittel 8.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 07.02.2018
Fant du det du lette etter?