Byggesaksgebyr

Regulativet er heimla i plan- og bygningslova§ 33-1

Dette gebyregulativet er godkjent i Ørsta kommunestyre 14.12.2017, sak 17/2140. 
Gebyret vert gjort gjeldande frå 01.01.2018.

 

 Byggehjelparen


A Generelle reglar

Gebyr: Byggesak_Generelle reglar

A.1 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Det skal betalast fullt saksgebyr sjølv om søknaden vert avslegen. Det skal ikkje betalast gebyr av delar av søknad som ikkje er realitetshandama.

A.2 Gjeldande regulativ

Gebyra skal reknast ut etter det regulativet som gjeld den datoen kommunen mottok ei tilfredsstillande søknad, eller rekvisisjon. Det vil seie at dokumenta stettar dei minimumskrava som er kravd i forskrift.

Der eit tiltak er eit kombinasjonstiltak med fleire ulike og sjølvstendige brukseiningar, skal det betalast gebyr per eining. Unntak er vist i B.3.2.1 b og c. Opprekninga av tiltak under B.3.1 og B.3.2 er ikkje uttømmande. Kommunen fastset i alle søknadssaker kva punkt i regulativet gebyret skal reknast ut etter.

A.3 Betalingstidspunkt

Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr. Gebyret skal utsendast snarast etter at vedtak eller oppgåve er gjort.

Kommunen kan krevje at gebyret er betalt før kommunen si sakshandsaming tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekna ut det endelege gebyret og skriva ut tilleggsrekning eller betala attende for mykje betalt gebyr.

A.4 Urimelege gebyr

Dersom gebyret er klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadar kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit høveleg gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr,fastsetje eit redusert gebyr. Avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

A.5 Fritak for gebyr

Når særlege grunnar tilseier det, kan kommunen heilt eller delvis gje fritak for byggesaksgebyr i ei konkret sak.

A.6 Klage

Fastsetjing av gebyr i ei einskild sak etter regulativet, kan ikkje påklagast, jf. § 40 i forvaltningslova. Kommunen si avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

Enkeltvedtak etter dette regulativet kan påklagast. Fylkesmannen er klageinstans. Klage på gebyrfastsetjing gir ikkje utsetjing av betalingsfristen. Klagefrist er 3 veker.


 

B. Tiltakssaker (Bygge og anleggssaker)

Gebyr: Byggesak_Tiltakssaker

B.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom som krev søknad og løyve etter PBL § 20-2

B.1.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom(jf PBL § 20-4 og Byggesaksforskrifta § 3-1)

a. Tilbygg kr 4 900,-

b. Oppføring, endring, m.v. av mindre frittliggande bygning kr 4 900,-

c. Riving av mindre frittliggande bygning kr 2 900,-

d. Terasse (inkl. utviding/endring) som ikkje er unnateke søknadsplikt  kr 2 900,-

e. Støttemur kr 4 900,-

f. Bruksendring fra tilleggsdel til hoveddel innanfor ein bueining kr 4 900,-

g. Skilt- og reklameinnretning kr 2 900,-

h. Antennesystem kr 2 900,-

 

B.1.2 Alminnelege driftsbygningar ilandbruket (jf PBL § 20-4 b og Byggesaksforskrifta § 3-2)

a. Oppføring, endring, riving m.v –bruksareal inntil 1000 m2 BRA kr 4 900,-

b. Tilbygg - bygningens totale bruksareal inkl. tilbygg < 1000 m2 BRA. kr 4 900,-
 

 

B.1.3 Mellombels bygningar,konstruksjonar eller anlegg (jf PBL § 20-1 j og § 20-2 c)

a. Oppføring av mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg som ikkje skal plasserast for eit lengre tidsrom enn 2 år kr 4 900,-

 

B.1.4 Andre mindre tiltak (PBL § 20-2d) kr 4 900,-

B.2 Tiltak som krev søknad og løyve etter PBL § 20-1 og 20-3

Saksgebyr for konstruksjon, anlegg og vesentlege terrengendringar, som er ein integrert del av ein byggesøknad, er medrekna i saksgebyret .

 

B.2.1 Oppføring av bygning (PBL §20-1 a)

a. Bustad og fritidsbygning (også rorbu)(Bygningstypekode 111-172 og 193-199) kr 13 800,-

b. Bueining nr. 2 til og med nr 5 i same bygning pr. bueining: kr 2 600,-

c. Frå og med bueining nr. 6 i same bygning pr. bueining: kr 1 500,-

d. Garasje, uthus, naust (Bygningstypekode181-182) inntil 100 m² kr 4 900,-

e. Garasje, uthus, naust (Bygningstypekode181-182) > 100 m² kr 7 100,-

f. Lagerbygning som ikkje inneheld andre funksjonar kr 9 700,-

g. Kontor, forretning, industri,forsamling og offentlege bygg 1000 m2 BRA eller mindre kr 41 200,-

h. Kontor, forretning, industri,forsamling og offentlege bygg over 1000 m2 BRA kr 49 000,-

i. Andre bygningar 1000 m2 BRA eller mindre kr 46 300,-

j. Andre bygningar over 1000 m2BRA kr 48 700,-
 

B.2.2 Tilbygg, påbygg, underbygg ogplassering (PBL § 20-1 a og d)

For tilbygging av ny(e) bueining(ar) eller tilbygg, påbygg eller underbygg som vesentleg endrar eksisterande bygning,konstruksjon eller anlegg, skal det betalast gebyr som for nybygg.

a. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg. Bruksareal < 100m2 kr 8 500,-

b. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg, Bruksareal 101 - 200 m² kr 11 700,-

c. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg, Bruksareal > 200 m² kr 13 800,-

d. Tilbygg, påbygg eller underbygg til rein lagerbygning kr 8 500,-

 

B.2.3 Fasadeendring (PBL § 20-1 c)

For søknad som samstundes føreset endringar av eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det i tillegg til gebyr, betalast aktuelt gebyr for endringane.

a. Fasadeendring kr 4 800,-

 

B 2.4 Riving av bygning, konstruksjoneller anlegg (PBL § 20-1 e)

a. Riving av bygning < 100 m² kr 4 800,-

b. Riving av bygning > 100 m² kr 5 500,-

 

B.2.5 Arealuavhengige tiltak (PBL §20-1 b,f , h-i og k-l)

 

a. Bygningsteknisk innstallasjonar, installasjon eller rehabilitering/endring kr 4 900,-

b. Skorstein, nyoppføring eller rehabilitering,inkl. eldstad kr 2 900,-

c. Gjerde og innhegning kr 2 900,-

d. Skilt eller reklameinnretning som ikkje tiltakshavar kan stå for sjølv kr 4 900,-

e. Mindre terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygger, basseng, brønn, røranlegg o.l kr 4 800,-

f. Vesentlege terrenginngrep,konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygge, basseng,brønn, røranlegg o.l kr 13 500,-

 

B.3 Godkjenning av foretak m.v. for ansvarsrett (PBL kapittel 22, 23 og 24)

a. Handsaming av søknad om ansvarsrett som sjølvbyggar kr 1 000,-

b. Handsaming av søknad om lokal godkjenning pr. føretak kr 2 500,-

B.4 Dispensasjon (PBL kapittel 19)

a. Dispensasjon handsama administrativt kr 7 000,-

b. Dispensasjon handsama politisk kr 13 000,-

c. Dispensasjon som gjeld dispensasjon frå utnyttingsgrad i eldre reguleringsplanar der tiltaket er i samsvar med etablert praksis eller dispensasjon i LNF-område som gjeld mindre endringar på tiltak som allereide er etablert etter løyve frå kommunen, og der det ikkje er behov for å sende søknaden på høyring, kr 4 100

B.5 Deling og grensejustering avgrunneigedom eller festetomt/festepunkt (PBL § 20-1 m)

a. Frådeling og grensejustering pr. ny eigedom kr 2 600,-

B.6 Endringar i høve gitt løyve

Der det vert gitt lokal godkjenning må det gjevast gebyr også i samsvar med C.3.3.

a. Mindre endringar i saker etter pbl §20-2 kr 2 200 ,-

b. Mindre endringar i saker etter pbl §20-1 kr 3 300,-

c. Større endringar utløyser ny handsaming

B.7 Mangelfull søknad eller melding

a. Etterlysing av manglande dokumentasjon i søknad utan ansvarlege føretak kr 2 600,-

b. Gjennomgang og etterlysing av dokumentasjon i søknad som ikkje er korrekt eller inneheld den minimumsdokumentasjon som er kravd i forskrift kr 2 500,-

B.8 Igangsettingsløyve

Igangsettingsløyve, eit gebyr per løyve kr 3 600,-

 

B. 3.9 Ulovlege byggearbeid

Ulovlege byggearbeid vert handsama i samsvar med plan- og bygningslova kapittel 32.

 
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Kåre Hjelle Einingsleiar bygg- og oppmåling
70049790
@ Kåre Hjelle
Elling Flister Sakshandsamar byggesak
46951775
@ Elling Flister
Hallvard Yksnøy Bergmann Sakshandsamar byggesak
47677342
@ Hallvard Yksnøy Bergmann

Nyhende