Søkje sjølv

Det kan vere lurt å sette seg inn i kva reglar som gjeld for din eigedom før du søkjer.

Som hovudregel skal ein alltid sjekke planen som er gjeldande for eigedomen. Ofte vil dette vere ein reguleringsplan. Men det kan være andre planer, som bebyggelseplan eller kommunedelplanar som overstyrer reguleringsbestemmelsane for eigedomen din. Informasjon om planstatus for din eigedom finn du i Ørstakart.

Er tiltaket i strid med gjeldande planar, avstand til kommuneveg (15 meter) og fylkesveg (50 meter) ikkje er etter avstandskrava i veglova, m.m eller om ein ønskje ei plassering i vernesone langs sjøen (100 meter) og langs vassdrag ( 50 meter) gitt av kommunedelplan og Plan- og bygningslova § 1-8, krev tiltaket grunngitt søknad om dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19.

Dette treng du som vedlegg til søknaden:

Kart kan du skrive ut på Ørstakart eller få på Servicekontoret. Servicekontoret kan også lage nabolister som viser kva naboar du må varsle.

Skjema som skal nyttast er tiltak utan ansvarsrett. Dersom søknaden også gjeld ein dispensasjon skal det i tillegg leggjast fram grunngitt søknad om dispensasjon. Det er ikkje noko eige skjema for søknad om dispensasjon. Søknad om dispensasjon leggjast fram i brevsform.

Når arbeidet er ferdig skal du søkje om ferdigattest.

Gebyrregulativet for byggjesaker finn du her.

 

 

 

 

 

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 07.02.2018
Fann du det du lette etter?