Naust

Alle naust er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Dersom du ønskjer å føre opp eit naust i strandsona, bed vi deg om å sjekke arealstatus for din eigedom i kommuneplanens arealdel. Dersom eigedomen din ligg i eit område som er avsett til naustføremål, er tiltaket kun avhengig av ein ordinær byggjesøknad.

Du kan søkje sjølv om: 

  • Naustet er inntil 1 etg. med ev. tilsvarande kjellar
  • Den har mindre enn 70m2 i samla bruksareal eller bebygd areal
  • Den ikkje skal nyttast til varig opphald

Søkje sjølv


Du må søkje  med hjelp frå fagfolk om:

  • Samla bruksareal er over 70m2
  • Naustet har meir enn 1 etg
  • Bygning skal nyttast til varig opphald

Søkje med hjelp av fagfolk


Avstandskrav

Det er viktig å merke seg:

  • Er tomta i regulert område er det viktig å sjekke føresegner i gjeldande reguleringsplan. Dette kan vere byggelinjer eller bestemte reglar for plassering av naust
  • Utanfor regulert område gjeld veglova § 29 med fylgjande avstandskrav:
    15 meter frå kommunal veg
    50 meter frå fylkesveg
  • Plassering av tilbygget nærmare enn avstadskrava  krev grunngitt søknad om dispensasjon, som skal leggast ved søknad om løyve til tiltak.

 

Ny eller utvida avkjørsle

Dersom oppføring av naust fører til endra bruk eller ny etablering av avkjørsle til kommunal veg, må dette søkjast om. Dersom det gjeld avkøyrsle til Fylkesveg, skal det søkjast Statens Vegvesen om løyve til etablering av slik.

 

Avstandskrav til nabo og bygg

Hovudregel er 4 m frå nabogrense og minimum 8 meter frå frittliggande byggverk , jf. Plan- og bygningslova § 29-4. For byggverk under 50 m2 kan førast opp minimum 1,0 meter frå nabogrense. Dersom ein vil plassere bygningar større enn 50 m2 nærare nabogrense enn 4 meter, skal det innhentast fråsegn frå nabo og gjennomføre brannsikring av bygningen etter gjeldande forskrifter. 
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fant du det du lette etter?