Garasje

Du kan sjølv søkje om å føre opp bygg der samla bruksareal eller bebygd areal ikkje er over 70 m² 

Du kan søkje sjølv om: 

  • Garasjen er inntil 1 etg. med ev. tilsvarande kjellar
  • Den har mindre enn 70 m2 i samla bruksareal eller bebygd areal
  • Den ikkje skal nyttast til varig opphald

Søkje sjølv


Du må søkje med hjelp frå fagfolk om:

  • Samla bruksareal er over 70 m2
  • Garasjen har meir enn 1 etg (garasjen kan ha kjellar)
  • Bygninga skal nyttast til varig opphald

Søkje med hjelp av fagfolk


Avstandskrav

Det er viktig å merke seg:

  • Er tomta i regulert område er det viktig å sjekke føresegner i gjeldande reguleringsplan. Dette kan vere byggeliner eller bestemte reglar for plassering av garasje
  • Utanfor regulert område gjeld veglova § 29 med fylgjande avstandskrav:
    15 meter frå kommunal veg
    50 meter frå fylkesveg
  • Plassering av tilbygget nærmare enn avstadskrava  krev grunngitt søknad om dispensasjon, som skal leggast ved søknad om løyve til tiltak.

 

Ny eller utvida avkjørsle

Dersom oppføring av garasje fører til endra bruk eller ny etablering av avkjørsle til kommunal veg, må dette søkjast om. Dersom det gjeld avkøyrsle til Fylkesveg, skal det søkjast Statens Vegvesen om løyve til etablering av slik.

 

Avstandskrav til nabo og bygg

Hovudregel er 4,0 m frå nabogrense og minimum 8,0 meter frå frittliggande byggverk, jf. Plan- og bygningslova § 29-4. For byggverk under 50 m2 kan førast opp minimum 1,0 meter frå nabogrense. Dersom ein vil plassere bygningar større enn 50 m2 nærare nabogrense enn 4 meter, skal det innhentast fråsegn frå nabo og gjennomføre brannsikring av bygningen etter gjeldande forskrifter. 
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Kåre Hjelle Einingsleiar bygg- og oppmåling
70049790
@ Kåre Hjelle
Elling Flister Sakshandsamar byggesak
46951775
@ Elling Flister
Hallvard Yksnøy Bergmann Sakshandsamar byggesak
47677342
@ Hallvard Yksnøy Bergmann

Nyhende