Fasadeendring

Endring på ytterveggane til bustaden eller endring på bygget sin utsjånad. Det kan være skifte av kledning, fasademateriale eller taktekkingsmateriale, skifte av vindauge eller dører, eller bygging av karnappar.

Du treng ikkje søkje om:

  • Utskifting, innsetting eller fjerning av vindauge og dør så lenge dette ikkje strid med lovmessige krav til lys, rømmingsveg og branntryggleik.
  • Skifte tak så lenge taket ikkje hevast.
  • Fasadeendring tilbake til tidlegare dokumentert utførelse.
  • Hovudpremisset for at fasadeendringa ikkje skal vere søknadspliktig er at bygget sin karakter ikkje vert endra, sjå punkt under.

 

Du må søkje med hjelp av fagfolk om:

  • Bygget sin karakter vert endra. Alminneleg forståing av kva som meinast med «bygget sin karakter» er ofte knytt til stilart
  • Endring av bygget knytt til ein bestemt tidsepoke eller stilart kan vere vesentleg for karakteren til bygget. Det vil seie at tiltak som til dømes innsetting av vindauge kan vere søknadspliktig eller unnateke søknadsplikt alt etter bygget sin arkitektoniske eigenverdi.

Søkje med hjelp av fagfolk

 

På verneverdige bygg er det eigne reglar. Lurer du på om tiltaket på slike bygg er søknadspliktige sender du ein e-post til postmottak@orsta.kommune.no

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Kåre Hjelle Einingsleiar bygg- og oppmåling
70049790
@ Kåre Hjelle
Elling Flister Sakshandsamar byggesak
46951775
@ Elling Flister
Hallvard Yksnøy Bergmann Sakshandsamar byggesak
47677342
@ Hallvard Yksnøy Bergmann

Nyhende