Seksjonering

Seksjonering heiter det om ein eigedom har fleire sjølvstendige einingar som kvar for seg kan seljast eller verte pantsett, samstundes som det ikkje er naturleg å dele eigedomen gjennom ein oppmålingsforretning (tidlegare kalla delingsforretning).

Ei seksjoneringsbegjæring er eitt skjema du må fylle ut og levere til kommunen om du skal seksjonere eller reseksjonere ein eigedom.

Frå 1. januar 2018 trer det i kraft ei ny lov om eigarseksjonering. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: 

Føreskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering og søknadsskjema.


Søknadsskjema som du finn på lenkja over, skal til kommunen:
Ørsta kommune
Dalevegen 6 
6153 Ørsta 

Vi skal handsame den, matrikkelføre og sende den til tinglysinga med vedlegg.
 

Meir om:

Prisar og gebyr

Kart og oppmåling

Publisert av Elisabeth Sæbønes. Sist endra 05.01.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Kartverket . Kartverket .
08700
@ Kartverket .
Guttorm Øye Fagleiar Oppmåling
90184121
@ Guttorm Øye

Nyhende