Renovasjon

Volda og Ørsta reinhaldsverk, VØR, er heileigd av Volda og Ørsta kommune og har etter selskapsavtale ansvaret for den lovpålagde innsamlinga av avfall frå hushaldningane. Kontor og miljøstasjonen ligg i Hovdebygda. For nærare informasjon, sjå  www.vor.no.

 

Ny renovasjonssforskrift

Ny renovasjonssforskrift er vedteken av kommunestyra i Ørsta og Volda den 14.12.2017 og gjeld frå 01.01.2018. Kommunane har forureiningsmynde og styrer renovasjons-tenesta gjennom eiga forskrift om renovasjon og slam.

Forskriftsendringane inneber at det vert etablert ei obligatorisk innsamling av matavfall, truleg hausten 2018. Frekvensane på tøming av restavfall og papp/papir vert då kvar 4. veke, medan matavfallet (våtorganisk) vert samla inn kvar 2. veke.

Det vert også innført ei obligatorisk henteordning for alle for glas og metall. Denne ordninga har fram til 2018 vore frivilleg.

 

Gode lenkjer:

Forskrift renovasjon og slam

Renovasjon gebyr

Tømmekalender

Publisert av Elisabeth Sæbønes. Sist endra 07.02.2018
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

VØR - Volda og Ørsta reinhaldsbyrå
70304607
@ VØR - Volda og Ørsta reinhaldsbyrå
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
70048600
@ Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS

Nyhende