Eigedomsskatt


Eigedomsskatten vert utrekna på grunnlag av den kommunale taksten, eller utifrå formuegrunnlaget. Formuegrunnlaget vert henta frå Skatteetaten. For 2018 har Ørsta kommunestyre vedteke ein eigedomsskattesats på 2,0 promille for alle eigedomar.
 

Eigedomsskatt har forfall mars og november, i slutten av mnd.
 

Brosjyre eigedomsskatt 2018 - 1


Utsending av skattekrav/faktura

I 2018 er skattesetel og faktura for 1. termin samanfatta i eitt dokument, og vert sendt ut innan utgangen av februar. Faktura for 2. termin vert sendt ut til hausten. Faktura syner eigedom, takstgrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er i forvaltinga definert som enkeltvedtak

 

Offentleg ettersyn

På grunnlag av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2018 og med heimel i lov av 1975-06-06 nr 29, lov om eigedomsskatt til kommunane § 15, vert eigedomsskatteliste lagt til offentleg ettersyn i 6 veker frå 27. februar 2018. 

Lista syner alle skattepliktige eigedomar gjennom matrikkelnummer, skattetakst, skattesats og utrekna skattesum. Skattelista vert lagt ut på servicekontoret og på Ørsta kommune si heimeside.
 

Klage

Klager på takst etter formuesgrunnlaget skal rettast til skatteetaten, Skatt Midt Norge-Ulstein, postboks 2060, 6402 Molde. Meir informasjon finn du på Skattetaten.no.
 
Klager etter kommunale takster skal rettast til eigedomsskattekontoret. Klage kan sendast skriftleg også pr e-post til Ørsta kommune innan 6 veker frå kunngjeringsdato eller frå det tidspunkt skattesetelen vert utsendt.                            

NB: Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong.

 


Kontaktinformasjon


Erling Brekke
E-postadresse: postmottak@orsta.kommune.no
Adresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.
 
 
Sist endra 20.02.2018
Fant du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Erling Brekke Konsulent/eigedomskatt
95126327
@ Erling Brekke

Nyhende