Spørsmål/svar - feiing og tilsyn med fyringsanlegg

 

Generelt:

 

Spørsmål/svar - Feiing&Tilsyn: Generelt

Må eg betale for feiing og tilsyn med fyringsanlegg?

Så lenge det er eldstad kopla til skorsteinen og denne ikkje er plombert eller forsegla må du betale for feiing og tilsyn. Gebyr for feiing og tilsyn vert sendt ut saman med dei andre kommunale gebyra.

Eg var ikkje heime då feiar hengde ut melding om at han kjem. Tidspunktet for varsla feiing/tilsyn er forbi. Kva gjer eg?

Ta  kontakt med feiaren så snart du har høve og avtal nytt tidspunkt for feiing/tilsyn.

Må eg betale meir dersom feiaren må kome ein ekstra gong for å gjennomføre feiing/tilsyn?

Nei, om du ikkje har moglegheit til å finne ut om feiinga/tilsynet før tidspunktet er forbi må du ikkje betale ekstra.

Eg har kjøpt meg ny omn. Kven kan montere den?

Alle kan i utgangspunktet installere eldstad i eigen bustad. Eldstaden må monterast i samsvar med monteringsrettleiinga. Ikkje monter omnen sjølv om du ikkje føler deg trygg på at du kan klare det.

Forhandlarar av omnar kan ofte gi deg namn på nokon som kan montere eldstaden til deg, eller dei kan ha tilsette som kan gjere det for deg. Eit anna alternativ er å ta kontakte med sakkyndig murar. 

Kontrollplikta på nyinstallerte eldstadar er oppheva, men det er framleis meldeplikt, jf. neste spørsmål/svar.

Må eg søkje kommunen når eg skal installere omn

Nei, men du må gi feiaren melding etter at eldstaden er montert. Skjema til dette føremål er elektronisk og du finn det på kommunen si heimeside, Eldstad - registrering

Kan eg installere ein gamal eldstad som eg har fått/kjøpt?

Det er krav til om at alle vedomnar som skal installerast i norske heimar skal vere reintbrennande. Dersom du har tenkt å installere ein omn som ikkje er ny er det såleis viktig å kontrollere at omnen er reintbrennande. 

Der eldre bevaringsverdig eldstad er naudsynt av omsyn til interiøret i kulturhistorisk, antikvarisk eller verneverdig bygning, kan bevaringsverdig eldstad likevel takast i bruk. 

Kvar får eg kjøpt stigar og sløkkeutstyr?

Ta kontakt med t.d. firma som sel byggevarer.


 

Feiing:

 

Spørsmål/svar - Feiing&Tilsyn: Feiing

Kor ofte skal skorsteinen feiast?

Det skal feiast ved behov. Kvar gong feiaren feiar/kontrollerer skorsteinen tek han ei vurderer av kor lenge det er til neste gong det er behov for feiing

Kvifor får naboen det feia når eg ikkje får det?

Feiing er behovsprøvd, dette kan medføre at naboar får det feia til ulike tidspunkt.

Kva gjer eg om eg mottek melding om at feiaren kjem, sjølv om eg  ikkje har eldstad?

Ringer telefonnummeret som står på meldinga om at feiaren kjem og gi beskjed om at du ikkje har eldstad. Alternativt kan du skrive på meldinga du har mottatt at du ikkje har eldstad og henge den på ytterdøra før feiar kjem

Kvifor går ikkje feiaren opp på taket mitt, det er jo nesten flatt?

Feiaren skal kunne utføre feiing til alle årstid og under vèrforhold som gjer at arbeid på tak er risikofylt. Feiaren har krav på å kunne utføre arbeidet under tryggast mogleg tilhøve. For at dette skal kunne gjennomførast utan fare for feiaren si sikkerhet, må tilkomst til skorsteinen være tilrettelagt etter krav i Arbeidsmiljøloven og forskriftene til denne.Dette medfører m.a. at alle tak med helling utover skal ha takstige/taktrinn, montert i samsvar med monteringsrettleiinga. 

Kvifor brukte ikkje feiaren stigen min når han kom og feia?

På papp-/shingeltak kan feiaren velje å gå på taket dersom vèrtilhøva tilseier det. Då feiing vert utført heile året må det likevel vere stige på taket slik at feiar og kan feie på dagar det er glatt

Kvar skal stigen vere plassert?

Vi har laga at eige skriv som ligg på kommunen si heimeside, Tips og råd for å få godkjent feietilkomst.

Feiar kommunen hytta mi?

Etter planen vert feiing av fritidsbustadar starta i 2018. Retningslinjer for dette skal utarbeidast.

 

Fann du det du lette etter?