Ørsta brann og redning

Beredskap for brann, redning og ureining.

Brannvesenet skal på kort varsel rykke ut ved brann, trafikkuhell, redning i sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver. Ørsta brann og redning har stasjonar i sentrum, på Vartdal og Sæbø. I tillegg er det branndepot på Øye og Bjørke.

I Ørsta sentrum er det beredskapsvakt med 5 mannskap på vakt til ei kvar tid. Dei som ikkje har vakt vert utkalla ved større hendingar.I tillegg har vi samarbeidsavtaler med nabokommunane.

 

Førebyggjande brannvern

Brann kan førebyggjast, og dermed spare både menneskeliv og store materielle verdiar. Brannførebyggjande arbeid er eit nasjonalt satsingsområde. Informasjon, rettleiing, pålegg , branntilsyn og feiing skal hindre situasjonar som kan føre til brann eller andre uynskja hendingar.

Dersom det først brenn, skal bygningskonstruksjon og materialval bidra til at skadeomfanget vert minst mogleg.

Brannførebyggjande avdeling har som hovudoppgåve å førebyggje brann og andre ulykker.
Førebyggjande verksemd kan vere alt frå synfaring og tiltak mot risikoobjekt, som t.d. kontrollar av utestadar og tilsyn på kjøpesenter og bedrifter, til informasjon til innbyggjarane om korleis dei sjølve kan førebyggje ulykker.
 

Ureining

Akutt utslepp av farleg stoff som kan medfør ureining av miljøet skal varslast til tlf.110.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 04.01.2018
Fant du det du lette etter?

snakk med oss.png

Kontakt

Thomas Winther Leira Brannsjef
90749112
@ Thomas Winther Leira
Hege Leite Branningeniør
48897275
@ Hege Leite
Kurt Kristiansen Brannmeister/Varabrannsjef
40244710
@ Kurt Kristiansen
Aret Engjaberg Feiar
97163555
@ Aret Engjaberg
Ole Nedreberg Feiar
48895236
@ Ole Nedreberg
Vakthavande overbefal Nødnummer brann 110
91122820

Nyhende